Hei!
Slutta på p-piller i midten av sept, men har enda ikkje fått sykluse "i gjenge" igjen. Eg bytta frå Synfase til Cerazette i august, men slutta av midt i brettet på Cerazette då me bestemte oss for å prøve på nr 2.
Har vore gravid to gonger tidlegare, og då har eg fått mensen tilbake raskt og gått rett i 28 dagars syklus. Kor lenge bør eg vente før eg kontakter lege? Veit det kan ta tid, men synest bare det er litt pussig sidan det gjekk så raskt dei to andre gongene. Har gått ned ca 25 kg det siste året, kan kanskje ha noko å sei? Har ikkje hastverk med å bli gravid, men kunne tenkt meg å fått el og syklus i orden.. Hugsar gyn sa han såg ein cyste då eg var på kontroll etter fødsel, men dersom det var noko alvorleg, burde det vel bli tatt då?