Quantcast
Channel: RSS Bli gravid
Viewing all articles
Browse latest Browse all 1442

Graviditet utenfor livmor

$
0
0

Hei.
Eg er ei jente som fyller 25 år til veka, ein alder eg har gleda meg til, men nå synes eg at det bare er tungt og vanskelig.
I August i fjor blei eg gravid, me var så lykkelige og eg gleda meg så til å kunne fortelje verda om det fine som hadde skjedd. Då eg nærma meg veke 7 byrja eg å blø, då det føregjekk så var eg ikkje i tvil om kva som hendte med meg. I blødningsdag 3 så våkna eg tidlig ein morgon. Brystene var ikkje ømme lengre og eg kjente meg heilt tom innvendig, eg gråt ustoppelig. Eg reiste til legen neste dag og blei sendt vidare til sjukehus, på ultralyden såg dei ingenting, det var heilt tomt. Gynekologen ringte nokre dagar seinare og fortalte at det hadde vore ein graviditet utanfor livmor.

Eg tok det heile veldig tungt men bestemte meg for å fokusere på det positive, eg ga ikkje opp draumen om familie.

Før jol fekk eg mensen tilbake, endelig eit høgdepunkt. Nå er me i mars og mensen er framleis uregelmessig, 26 dagar, 28 og 29. Menstruasjonen var regelmessig før eg aborterte, eg hadde og tydelige symptom på eggeløysning, nå er den uregelmessig og utan symptom på EL. Eg går rundt og tenkjer at det er noko som er gale med kroppen min, men eg er så redd at eg ikkje orkar å reise til legen. Eg er livredd for at noko er øydelagt. Er det nokon som har opplevd noko liknande?

Det vondaste med å miste er at det er eit emne som aldri blir snakka om, før dette skjedde så visste eg ikkje om nokon som hadde opplevd dette og nå bare kjenner eg meg så einsam med sorga. Mange av venninnene mine er lykkelige gravide, eg klarer ikkje fortelje kva som har hendt. Eg kjenner ikkje att meg sjølv, tidligare har eg elska barnebursdagar, babyshower og venninnetreff, men nå lyg eg for å sleppe. For eg klarer ikkje fortelje det til nokon, og eg veit at det er dumt for dette et meg opp innvendig.

Eg er så deprimert, sjølv om eg ikkje skulle vere deprimert. Eg vil så gjerne at alt det vonde skal gå over, men føler meg fastklemt i eigen sorg. Eg er redd for å ikkje bli gravid igjen.
 

Takk for at du las min hemmelegheit

 



Anonymous poster hash: 05a3d...6dc

Viewing all articles
Browse latest Browse all 1442